mandag 16. januar 2012

Nasjonalisme – nokre strøtankar

Dette stykket kunne vore ein syttandemai-tale. Eller kan henda rettare sagt, det burde vore ein syttandemai-tale. Underskrivne er nemleg ovkeid av vasne, drøvtygde syttandemai-talar der han kvar einaste syttande mai vert innpoda med eit årvisst meir anti-nasjonalistisk oppgulp, krydra jamvel med herming av «Internasjonalen», ein song som jamvel har fått eiga rom i «den store barnesangboka». [1]

Syttande mai er som kjend nasjonaldagen vår. Det gjer faktisk syttande mai til ein dag der nasjonalismen, og nasjonalistiske kjensler, burde stå i høgsetet. Men den gang ei. Idag er det fy-fy å snakka positivt om nasjonalisme.

Vandemålet er og blir berre at ’bolsjevikane’, [2]  om du tillet meg ordbruken,  i stor grad har teke kontroll over språket vårt, som i reinaste George Orwell-stil har vakse til å verta overvelda av ’nytalen’ [3] der ord, har fått heilt andre meiningar enn det dei opphavleg hadde. «Dersom tanken kan korrumpera språket, kan òg språket korrumpera tanken», sa George Orwell.[4].

Dette vert òg stadfest av den amerikanske grunnlovsfaderen Samuel Adams:
«Kor forvridd greier vel ikkje ein tyrann med sine midlar pervertera orda si enkle meining.»[5]

GJENOM SPEGELEN
Ein annan britisk forfattar, Lewis Carroll [6], skriv i boka «Alice gjennom speilet og det hun fant der» at då Alice gjekk gjenom spegelen blei det svarte kvitt og det kvite svart. Det er eit godt bilete på vår tid.

For å greia dette nærare ut, lyt eg definera omgrepet ’nasjonalisme’ nærare.

Eit anna ord for ’nasjonalisme’ er  ’fedrelandskjærleik’  . Det er det som er samla i fedrelandssongen vår, «Ja, vi elsker!» og som seier at «Ja!» me  elskar dette landet, slik  det reiser seg over vatni, furdut og verbite, dette landet som Harald berga, Håkon verga, og som Olav med blodet sitt malte krossen på.  Dette  landet, er me som nasjonalistar villige til å slå lægr for – og døy for, om so skulle vera...   Det er ei kjensla eg trur dei aller fleste nordmenn og -kvinner deler.
Det er  nasjonalisme  i eit nataskal.

Kva er det då ’bolsjevikane’ meinar når dei snakkar om ’nasjonalisme’ i negativ ljossetting? Eg vågar hevda at det dei tenkjer på er ei vrenging av nasjonalismen som sovore, anten ved å leggja eitkvart til eller trekkja eitkvart frå nasjonalismen[6]. Sluttproduktet vert dermed noko heilt anna enn det røynelege, og noko me difor lyt taka oppgjerd med, med mindre me skal verta fanga i göbbelske snarer, eller som Sir Walter Scott seier det i det episke diktet «Marmion»:

 «Åh, for ein vasete vev me vevar, når fyrst me freistar å forgjera». [7]

NAZISMEN OG ULTRANASJONALISMEN
Det sérmerkte med nazismen[8], er deira  ultranasjonalistiske[9]  framstilling av (serskilt) det tyske idealet som ’betre’ enn ’alle andre’ nasjonale ideal. Her er det viktig å skjøna at utlegginga av ordet ’nazisme’ er nasjonal-sosialisme. Det var ikkje minst dette som kom fram i det verset som ikkje lengre vert sunge offisielt som ein del av den tyske nasjonalsongen:  «Deutschland, Deutschland, über alles».[10]

Med ultra- som førenemning meines med andre ord at nazismen ynskte å fremja sine såkalla verdiar, sine tankar, sin kultur som ’kulturelle verdiar’ meir verd, betre, finare og meir høgvyrd enn andre nasjonale kulturar, samstundes som den jødiske (og den judeo-kristne) kulturen vart stempla mindreverd og urein.

Av denne grunn fanst det ikkje rom for eit korkje internt eller ekstern ’fargerikt fellesskap’ i det tyske riket. Alt skulde einast, underleggjast, korrigerast og sentralstyras etter det tysk-kulturelle idealet. Den som ikkje ville bøya seg, bli eit A4-menneske, skulde pressast i kne. Den som ikkje let seg pressa i kne, måtte eliminerast. Ser du parallellar?

Grunntanken i islamsk filosofi – kjem til yta i kampropet «allahu aqbar» –  allah er større. Det er difor ikkje til å undra seg over at Hitler og stormuftien av Jerusalem fann kvarandre gode vener – og at «stormuftien» Haj-Amin al-Husseini kunne seia:  Halvmånen og Hakekrossen har ein sams fiende: Davidsstjerna [11]. 

Det er med botn i sovorne kulturar at det vert rom for tankar om ’dhimmi’ eller ’üntermensch’ – at det finst menneske som er mindre verd enn andre, noko som ikkje berre er i strid med Guds Ord, men med menneskerettane, slik dei er fasttømra i FN si verdserklæring – og før det i den amerikanske sjølvstendeerklæringa.

Med utspring i desse tankar, fekk ein fyrst dei såkalla Nürnberglovene[12], som mellom forbaud ’ariske’ tyskarar å gifta seg med jødar, og seinare fekk jødar heller ikkje sitja i t.d. offentlege posisjonar, eller inneha framståande posisjonar som advokatar, etc.
 
KOMMUNISMEN OG SUPERNASJONALISMEN
Karl Marx, Friedrich Engels, Vladimir Lenin og Josef Stalin sine læresetningar, var òg nasjonalistar, men dei var det som me kan kalla ’supernasjonalistiske’ eller alternativt ’internasjonalistiske’. Utlegginga av ordet ’supernasjonalisme’ tyder her ’over-’, ’høgvyrd’, ’ein betre form for’ nasjonalisme. I det ser me tanken om at ein ynskte eit internasjonalistisk samfunn – ei samla verd – under ein leiar – med ein sams ideologi; kommunismen, eller om du vil, sosialismen.

I den kommunistiske sfæra var det ikkje det kulturelle som var det viktigaste, men snarare det ideologiske. Også her skulle ein djupast set vera samde om alt – og difor var det heller ikkje her rom for eit røyneleg ’fargerikt fellesskap’.

Folk vart tvangsflytta frå ein del av landet – til ein annan. Dei fekk knapt ta med seg det dei stod og gjekk i, og på 24 timars varsel måtte heile familiar fara frå Riga til Omsk, frå Leningrad til Magadan, eller frå storbyen til der-ingen-skulde-tru-at-nokon-kunne-bu. Det var staten som rådde. Individet hadde inga røyneleg røyst.
All kultur vart korsom er ikkje knekt. Sume kulturelle verdiar, som mattradisjonar, songar og dikt, kunne ikkje køyvast, og desse vart difor naturleg, om enn unaturleg kontrollert, spreidd over heile det russiske imperiet. Slik hadde det seg at sibirske «pelmeni» vart ein interrussisk matrett,  og ukrainsk «borsch» vart spreidd over heile Sovjetsamveldet.

Samstundes var det ved lov forbôde for sovjetiske kvinner å gifta seg med ikkje-sovjetiske borgarar. Det same gjaldt sovjetiske menn, arvematerialet korkje skulde eller kunne ’utvatnast’ eller ’svekkjast’ so og seia. Bestefar til kona mi, hevda, ifylgje kona mi, strengt at ingen av hans ætt nokon gong skulle giftast med ein ikkje-sovjetar. Parallellen til Nazi-Tyskland er tydeleg.

Grunntanken i ideologien er og blir dermed verande den same.

Her er det forvitneleg å trekkja fram Winston Churchill:

«Fascismen var skuggen av, eller kommunismens [ektefødde] stygge barn [...] På same måten som fascismen vart fødd av kommunismen, utvikla nazismen seg frå fascismen.» [13] 

Mussolini, som grunna venstrevridde medier si forvrengning av røyndomen i og med ordet ’høgreekstrem’ var jo då  også sosialist heile livet, oppkalla først etter tre sosialistiske revolusjonære av faren som var med i den 1ste Internasjonale, vart han medlem av det italienske sosialistpartiet i 1900.[14]. Han skreiv artiklar i ei lang rekke sosialistiske blad, før han vart redaktør for bladet «La Lotta di Classe» (Klassekampen).

Omdømet hans mellom Italias sosialistar vaks så sterkt at det vart sagt om han:
«Frå idag av, Benito, er du ikkje berre representant for Romagnas sosialistar, men il duce for alle revolusjonære sosialistar i heile Italia».[15]

Ergo kan me slå fast at fascismen er, slik Winston Churchill sa det, heimehøyrande på venstresida av det politiske spektrum.

GLOBALISERING OG GLOBALISME
’Globalisering’ er eitt heitt tema i vår tid. Også her vert skulda lagt på den politiske høgresida. Men også det er ei sanning med sterke modifikasjoner. Eg vil i det komande fremja tanken at  ’globalisering’ ikkje er det same som ’globalisme’ – og ogso at ’globalisering’ ikkje er udelt negativt, avdi om ’globalisme’ er det.

Ein kan gjerne gå så langt som til å seia at ’globalisme’ er ei nynemning av ordet ’internasjonalisme’ – for å omgå dei negative konnotasjonane som ’internasjonalisme’ ber med seg. ’Internasjonalisme’ ber med seg koplingar til Marx og Engels, og med dei koplingane, kan ein ikkje bruka det til å svartmåla høgresida. Du kan gjerne ha med deg det kjende sitatet frå Josef Göbbels her:
«Ev du fortel ei lygn stor nok og vedheld å herma henne, kjem folk til sjuande og sist byrja å tru på henne. Løgna kan berre vedlikehaldast så lenge Staten kan tryggja folket frå det politiske, økonomiske og/eller dei militære fylgjene av lygna. Difor vert det ovviktig for Staten å bruka all si makt til å undertrykkja dissens, for sanninga er lygna sin dødsfiende, og dermed, er sanninga Statens fremste fiende.»[16]

IKKJE BERRE NEGATIVT
Men lat oss sjå på dei positive sidene med ’globalisering’. I ei globalisert verd kan til dømes eg og du reisa nær sagt kvar me vil, vitja kven me vil, eta kva mat me vil, og om me finn einkvan me elskar – gifta oss med denne personen – på nær sagt eigne premissar. Ekte ’globalisering’ handlar altså om fridom (les: liberalisme) og individualitet. Men om ein vrir litt på det, slik at yin vert yang, sit me att med ’globalismen’.

’Globalismen’ derimot snakkar varmt om ’einskap på tvers av landegrensor’ og er ein slag sekularisert «ekumenikk». Ein ivrar etter å riva ned grensone, skapa ei verdsregjering, eit diktatur som skal styra alle menneske på tvers av kulturar er til sjuande og sist ei samansmelting av sosialismens, fascismens og nazismens framste ideal – statsismen, for å skapa ein slag ytre einskap, som djupast set aldri blir anna enn ein falsk einskap. Me ser det same innan kyrkja, der ein sterk auke av truande let seg føra dithen at kristne må samlast – jamvel med den romersk-katolske kyrkja.

Dette handlar altså om staten si absolutte makt over deg og meg. Det handlar om at dine og mine born til eikvar tid kan takast i frå oss og setjast bort til indoktrinering. Me ser byrjinga av det alt i dag. I Noreg. Det handlar om fridom på staten – ikkje på individets – premiss, og den dagen dette vert ein røyndom – har ikkje manneætta lenge att.

Den amerikanske grunnlovsfaderen Samuel Adams sa i ein tale til den interstatlege regjeringa i Pennsylvania den 1. august 1776:

«Ver ved godt mot brør, landsmenn, dette handlar ikkje berre om fridom for oss sjølve, men om det skal finnast høve på jorda for individuell og åndeleg fridom». [17]

NORMALNASJONALISME OG FRIDOM
Noreg er eit ovfagert land. Men treng berre låna øyra til kva turistane seier, når dei kjem her for å sjå fjell og fjordar, fossefall og fiskevær.

Men det at Noreg er eit fagert land tyder ikkje at Noreg er eit betre land enn andre land. Fagrare å sjå til, på mange plan, ja visst, men også det avheng av auga som ser. Inst inne er korsom ikkje nordmenn det spor betre enn andre folk. I folkesjela hjå det norske folket finst det like mykje grums som hjå andre folkeslag.
Det viktige her er korsom at me merkar oss skilnaden mellom Noregs «Ja, vi elsker», Danmarks «Det er et yndigt land»; Sveriges «Du gamla, du fria!», USAs «Stars and Stripes forever» og den israelske «Hatikva» på den eine sida, og den opphavlege tyske nasjonalsongen:

«Deutschland, Deutschland über alles,
Über alles in der Welt,»[18].


Dette, vispa saman med Nietzsches syfilisperverterte tankar og tankane til ei rad tilsvarande kvasifilosofar leidde dette til ei bloddrenkt jord [19], der ultranasjonalismen vaks seg so sterk at folk flest (’mensjevikane’) let seg blinda av det røynelege mindretalet (’bolsjevikane’) og lukte augo for kva som hende.

Merk deg dette: Det at ein ikkje vil sjå det gale som hender, tyder ikkje at ein unnslepp den straffa som fylgjer bak. Slik er lova om årsak og verknad.

Ekte, og sunn, nasjonalisme handlar om at «her er eg fødd og her vil eg leva, og når tidi kjem vil eg ogso døy her.»[20] Akkurat som Ivar Aasen skriv, om nordmannen:

Utpå vetteren stundom han tenkte: Gjev eg var i eit varmare land
Men då vårsol i bakkarne blenkte, fekk han hug til si heimlege strand
Og når liderne grønkar som hagar, når det lavar av blomar på strå,
Og nær næter er ljose som dagar, kann han ingen stad venare sjå


Så tyder ikkje dette anna enn at eitkvart menneske har sine røter ein stad, og at desse røtene vanskeleg kan rotast opp; ikkje at alle andre må tykkja det same.

Det tyder heller ikkje at ein person frå ein nasjon ikkje kan finna seg ein ny nasjon og eit nytt folk å slå seg ned i, men ein må  kunna rekna for sannlikt at den det gjeld sjølv ynskjer å bliva integrert i sitt nye samfunn, og respektera dei erveminne og sedar som rår der, om enn ikkje over natta. Det igjen tyder ikkje at den same må gje slepp på alle sine kulturelle røter, men vera villig til å tilpassa seg. Det skal me sjå nærare på i neste avsnitt.

INTEGRASJON
Likeeins må det samfunnet han/ho flytter til visseleg kunna rekna med at vedkomande vil lata seg integrera, slik moabittinna Rut, som trass i at hennar jødiske mann var daud, fylgde svigermor si til Israel – og vart israelinne –  
«Ikkje tel meg til å snu att og ganga frå deg! for der du gjeng, vil eg og ganga, og der du stanar, der vil eg og stana. Ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud.  Der du døyr, vil eg og døy, og der vil eg verta jorda. Herren late meg bøta for det no og sidan, om noko anna enn dauden skulde skilja meg frå deg!»[22]

Samstundes  må dette vera eit personleg val, og kan i fridomens namn aldri tilskrivast statleg eller religiøs overstyring.

Ein muslim må vel reisa til Noreg og driva ’misjon’ for sin religion, for me har religionsfridom i Noreg, so lenge han spelar med opne kort om kva han gjer. Snikislamisering,  femtekolonisering og invasjon – det takkar me nei til, for det hamnar i same korga som undergravingsverksemd.

For eigen del vil gjerne eta både  Injerawhot  frå Etiopia, og  Chop Suey frå Kina og  Chowder  frå New England, eller ei herleg skål  Borsch  frå Ukraina, med ein god rjomeklatt i. Men det tyder ikkje at eg vil påtvingast  halalkjøt  gjenom manglande merking, eller alternativt ved eit seinare leite å neittast å eta kjøtkaker i brunsaus med kålstuing, og komler med saltkjøt og kålrotstappe.

Fridom handlar om at ein person frå Langtvekkistan eller der i kring gjerne skal ha fridom til å kle seg nasjonalt på nasjonale dagar og festdagar – slik som me gjeng kledd i bunad på tilsvarande dagar. Men ein gjeng då ikkje rundt i bunad til dagleg, gjer ein?

Tiedemand og Gude sine nasjonalromantiske fantasiar av norske bønder i bunad til kvardags er like utilpass i det daglege Noreg som muslimske kvinner i Burkha – i det daglege Noreg. Dette har ingenting med normalnasjonalisme å gjera – men botnar i super- eller ultra-nasjonalisme, som er eit vrengebilete av normalnasjonalisme.

EIN KONKLUDERANDE SLUTTDIGRESJON
I Apostelgjerningane 17:26-27 stend det «Han [Gud] har late alle folkeslag av eitt blod bu over heile jordkringen og fastsett dei visse tider og landemerke for deira bustad, for at dei skulde leita etter Gud, om dei då kunne kjenna og finna Han».

Av det skjønar me at nasjonsgrensene er noko som er sett av Gud, og dermed kan me slutta at ogso nasjonalismen/fedrelandskjærleiken er gjeven av Gud. Guds mål er at folk skal søkja Gud og finna honom, og dét gjer det ogso lettare å skjøna kvifor sosialismen – i alle sine ulike nyansar gjer alt dei kan for å vrengja nasjonalismen vekk frå sitt opphav.

Avdi eg er ein sovoren nasjonalist, som omtala ovanføre, men korkje ultranasjonalist eller supernasjonalist, kan eg med handa på hjarta kveda med i, «Ja, vi elsker!» Og du; eg syng gjerne andre verset òg, sjølv om det snedig vart utelete or skulesongbøkene alt på femti-talet, då arbeidet med å reisa den Europeiske Unionen byrja for fullt:

Dette landet Harald berget, med sin kjemperad
Dette landet Håkon verget, medens Øyvind kvad
På det landet Olav malte, korset med sitt blod!
Fra dets høye Sverre talte – Roma midt i mot!


Kan du det?
  

BOKSTØD

 [1]  Aschehoug.no <http://www.aschehoug.no/barnogungdom/katalog?productId=862849>
 [2]  Då Lenin og Stalin byrja kampen for å breia ut sitt syn i det russiske imperiet, var dei eit ’mindretalsparti’ – men valde medvite å bruka ordet ’bolsjevik’ av russisk большинство [bolshinistvo] som tyder ’fleirtal’, vel vitande at dei ikkje var eit røyneleg fleirtal – noko dei i grunnen heller aldri kom til å verta. Det motståande russiske ordet меньшинство [menshinistvo] som tyder mindretal – vart nytta mot opposisjonen, endå dei i tal var langt fleire enn ’bolsjevikane’. Denne medvitne bruken av ordet ’bolsjevik’ (og språkvrenginga) var med andre ord lykjelen til den propagandaen sosialismen bygde og byggjer på.
[3] Jamfør «1984».
[4] Brainyquote: George Orwell Quotes <http://www.brainyquote.com/quotes/quotes/g/georgeorwe106349.html>
[5] Brainyquote: Samuel Adams Quotes:
<http://www.brainyquote.com/quotes/quotes/s/samueladam169553.html>
[6] Eides Forlag, Bergen: 1951
[7]  Her: forvitneleg parallell til Openberringsboki 22:18-19!
[8]  Scott, Sir Walter: Marmion, Canto VI. Stanza 17
[9]  Nazisme, samandraging av Nasjonal og Sosialisme frå partinamnet National Sosialistische Deutsche Arbeiter Partei (NSDAP).
[10]  Norske medier har ein tendens til å vri også på dette ordet, og kallar den sekulærnasjonalistiske politikaren Avigdor Lieberman i Israel ”ultranasjonalist”, endå han berre er ålmenn nasjonalist – med sekulær- som førenemning.
[11] Sitert i Giacometti, Eric: Skyggeritualet, Cappelen-Damm 2009
[12] Wikipedia: Nürnberglovene <http://no.wikipedia.org/wiki/N%C3%BCrnberglovene>
[13]  Det er ikkje dermed sagt at August von Fallersleben la denne meininga i songen, men det gjorde nazistane.
[14]  Churchill, Sir Winston: The Second World War, Volume 1: The Gathering Storm, p.12
[15] Wikipedia: Det italienske sosialistparti <http://no.wikipedia.org/wiki/Det_italienske_sosialistparti>
[16] Hermd  i: Kirkpatrick, Ivone: Mussolini. A study in Power, New York, 1964, s. 49
[17] ThinkExist.com Quotations. “Joseph Goebbels quotes”. ThinkExist.com Quotations Online 1 Jul. 2011. 29 Aug. 2011 <http://einstein/quotes/joseph_goebbels/>
[18]  Norsk: ”Tyskland, Tyskland, over alle – betr’ enn alle land  på jord.”
[19]  Nytt perspektiv på ”blut und boden” – blod og jord?
[20]  Kfr. Sveriges nasjonalsong, ”Du gamla, du fria”: ” Nej, jag vill leva, jag vill dö, i Norden.”
[21]  Rut 1:16

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar